Omkring ein av fem elevar i grunnopplæringa har det ein kallar problematisk åtferd. Slik åtferd kan vere vanskeleg å komme til livs, men det er tydelege indikasjonar på at tiltak kor elevane trenar på å leie seg sjølv, har god effekt.
Kva er eit forskingsnotat? Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.
Tiltaka hadde særskilt positiv effekt på elevar si evne til å fylje instruksar. I tillegg reduserte tiltaka forstyrrande åtferd og styrka dei prososiale evnene til elevane
Studien
Ei forskargruppe tilknytt Institutt for utdanning, skole og rådgivingspsykologi ved Forskingssenter for førebygging ved Universitetet i Missouri, USA har utført det som er samanfatta i dette forskingsnotatet. Studien er publisert via Campell Collaboration, som er eit senter som publiserer systematiske kunnskapsoversyn av svært høg kvalitet med det mål for auge å gje politikarar eit solid kunnskapsgrunnlag for sosiale og økonomiske reformer.
Bakgrunn
Åtferdsproblem kan vere så mangt, men blir her definert som a) direkte og indirekte former for aggressiv åtferd (t.d. vald, ugrei språkbruk og ryktespreiing), b) open og skjult antisosial åtferd (t.d. steling, mobbing, løgnaktigheit og juksing) og c) manglande vilje til å innordne seg (t.d. vike unna oppgåver, motsette seg samarbeid, regelbrot og manglande fullføring av oppgåver). Åtferda er problematisk når ho avviker frå det normale funksjonsnivået i aldersgruppa og dessutan hindrar barnet si akademiske eller sosiale utvikling og trugar med å skade barnet eller barnet sine medelevar.
Elevar med utfordrande åtferd skaper problem ikkje berre for seg sjølv, men òg for medelevar og lærarar. Både eleven med problema og resten av klassen mister undervisningstid og læringsmoglegheiter. I tillegg belastar slik åtferd læraren og kan føre til både stressreaksjonar og utbrentheit. Ein amerikansk undersøking blant kvalifiserte lærarar viser at om lag halvparten av lærarane som søkte seg til ein annan skule eller slutta i jobben, oppgav utfordrande elevåtferd som hovudårsak. Det er derfor nødvendig at skolane har på plass tiltak for å hjelpe elevar med problemåtferd til å gjere sosiale, emosjonelle og åtferdsmessige endringar. Straff og liknande autoritære reaksjonar er ein måte for skolen å reagere på uønskt åtferd på, men det er gode vitskaplege indikasjonar på at det å styrke eleven sin autonomi gjennom kontinuerleg trening på sosiale, emosjonelle og åtferdsmessige ferdigheiter gjev betre resultat. Tiltak som rettar seg mot autonomitrening med sjølvleiingsferdigheiter som endeleg mål, bør kombinere opplæring i mellom anna det å gjere val, problemløysing, målsetting, sjølvmedvit, sjølvobservasjon, sjølvevaluering og . For yngre elevar kan opplegget til dømes involvera verktøy som det velkjende smilefjesskjemaet for grad av måloppnåing (t.d. «rekte opp handa», «satt på stolen»). For eldre elevar kan ein bruke skjema som er meir detaljerte, til dømes «Fullførte arbeidsoppgåva eg fekk i 4. skoletime» («ja/nei»). Vidare er det ulike måtar å bekrefte eller lønna eleven for meistring på.
Føremål
Forskinga på temaet veks i omfang og det er behov for å samle den kunnskapen ein har, slik at myndigheiter, skoleleiingar og praktikar kan ta informerte val når dei skal finne måtar å handtere problematisk elevåtferd på. Den systematiske kunnskapsoppsummeringa som er gjort her, har fokus på å undersøke kor effektive ulike sjølvleiingstiltak (SLT) er. Forskingsspørsmåla er (vår omsetting):
- Kor effektivt reduserer ulike SLT åtferdsproblem i klasserommet eller styrkar positiv og prososial åtferd i klasserommet?
- Kva seier eksisterande vitskapleg litteratur om tilstanden til forskinga på SLT?
Inkluderte studiar
Bibliotekarar, ekspertar og forskarar samarbeidde om å søke etter både publisert og upublisert (grå) litteratur. Søka blei gjort digitalt i åtte ulike elektroniske databasar og ymse register og nettsider, samt manuelt i mellom anna kjeldelister, tidsskrift og ved personleg kontakt. For å bli inkludert i den systematiske kunnskapsoppsummeringa måtte studien:
- vere enten a) ein randomisert kontrollstudie eller ein kvasi-eksperimentell studie eller b) ein kasusstudie
- involvere deltakarar i skolealder (5–21 år) utan uttalte intellektuelle problem/forstyrringar, men med åtferdsproblem i ordinær undervisning eller spesialundervisning
- måle effektar av intervensjonen (tiltaket) i form av endringar i klasseromsåtferd (primærutfall) eller endringar i akademiske resultat (sekundærutfall)
- finne stad på skolen (privatskole, offentleg skole, spesialskole, alternativ skole, friskole)
- involvere ein kognitiv åtferdsintervensjon
- vere publisert mellom 1988 og 2020
- vere publisert på engelsk
Totalt 79 studiar blei inkluderte i den systematiske kunnskapsoppsummeringa. Av desse var 75 kasusstudiar, mens dei resterande fire studiane hadde eit gruppedesign. Fleirtalet av studia (N = 68, 90,67%) var frå USA, medan dei resterande var frå Storbritannia (N = 2), Canada (N = 2), Australia (N = 2) og New Zealand (N = 1).
Resultat
Tiltaka i dei ulike studiane varierte ein god del i utforming og måten dei blei tatt i bruk på. Av deltakarene i dei 75 kasusstudia, var 82,20% gutar med ei snittalder på 11,3 år. Deltakarene i dei fire resterande studiane fordelte seg jamt mellom kjønna, og tre av studiane retta seg mot elevar i barneskolen.
Oppsummeringa av dei 79 studiane indikerer at effekten av dei ulike tiltaka på forskjellige typar åtferdsproblem blant elevar i grunnopplæringa er svært god. Tiltaka hadde særskilt positiv effekt på elevar si evne til å fylje instruksar. I tillegg reduserte tiltaka forstyrrande åtferd og styrka dei prososiale evnene til elevane .
Tiltaka hadde også moderat, men tydeleg positiv innverknad på elevane sine akademiske resultat. Tiltakseffekten var særleg positiv effekt på elevar si evne til å fullføre skolearbeid, etterfølgt av ei betring i akademisk måloppnåing.
Når resultata blei analysert på bakgrunn av variablar knytt til elevar (kjønn og kjønnsidentitet, alder, etnisitet og grad av spesialpedagogiske tiltak) og tiltak (mellom anna tiltaket si varigheit, i kor stor grad deltakarane følgde instruksane i tiltaka eller opplæring av elevane). Variablane knytt til elevkarakteristikkar indikerer at tiltaka har størst effekt på svarte elevar samanlikna med elevar med kvit, latinamerikansk eller annan etnisk bakgrunn. Forskarane bak kunnskapsoversynet påpeiker at dette resultatet nok ikkje er så rett fram som det kan synast: Fleirtalet av studiane er frå rurale skoler i USA. Det er kjend at svarte elevar opplever meir diskriminering enn andre etniske grupper i det amerikanske utdanningssystemet, samstundes som berre 7% av den amerikanske lærarstyrka er etnisk svart. Denne skeivheita gjer at det stadig er dei kvite lærarane som direkte eller indirekte har den kulturelle definisjonsmakta i det amerikanske utdanningssystemet, og det kan nok tenkast at dette ikkje er til fordel for svarte elevar. På bakgrunn av dette tolkar Smith et al. resultata slik at tiltaka sannsynlegvis ikkje er meir effektive for svarte elevar enn for andre etniske grupper. Vidare indikerer kunnskapsoppsumeringa, i motsetnad til tidlegare systematiske kunnskapsoversyn på temaet, at tiltaka er meir effektive viss eleven mottar dei i spesialpedagogiske tilhøve enn i inkluderande klasserom. Det er ingen indikasjonar på at kjønn eller utdanningsnivå (barne-/ungdomsskole eller vidaregåande skole) speler inn på tiltakseffekten. Når det gjeld variablane knytt til tiltaka, hadde verken opplæring i, truskap til tiltaket eller varigheit nokon innverknad på tiltakseffekt, men det er ein svak indikasjon på at kortare tiltak hadde større effekt enn lengre. Dette kan bety at sjølv korte tiltak kan vere verdt å satse på.
Implikasjonar
Åtferdsproblem har vidtrekkande negative konsekvensar for både eleven med problemet og for medelevar, klassemiljø og lærar. Det finst mange vaksenleidde tiltak for å bygge prososiale ferdigheiter, men få tiltak som retter seg mot å hjelpe elevar med åtferdsproblem til å bli gode og autonome eigenleiarar. Det er viktig å identifisere gode døme på slike opplegg, spesielt for litt eldre elever, som av naturlege årsaker er tilbøyelege til å hevde behov for autonomi og dermed er mindre villige til å innordne seg meir autoritære tiltak.