Studien som blir presentert her, ser nærmare på traumesensitiv tilnærming. Fokuset i studien er på om traumesensitive intervensjonar kan påverke læringa til barn og unge med traume i positiv retning.
Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.
Fleirtalet av dei sju studiane gjennomført på alderstrinna elleve til 18 år fann positive innverkingar av dei traumesensitive intervensjonane på enten akademiske eller akademisk-relaterte resultat.
Traume hos barn er stadig eit aktuelt tema i forskinga. Relevansen av forsking på traume hos barn er stor: Ein reknar for eksempel med at over fem millionar vaksne i Australia har traume frå barndommen, og at 225 000 australske barn blei skada eller mistenkt for å ha blitt utsett for skader, mishandling eller forsømming i perioden 2015 til 2016. Skulen har ein unik moglegheit til å støtte barn og unge som har opplevd traume. Forsking viser nemleg at det er gunstig for barn og unge si mentale helse at fleire aktørar blir trekt inn i arbeidet med å lindre symptoma/skadane. Det kan altså være klokt å trekke inn skulen i tillegg til helsetenesta for å hjelpe barn og unge med traume til å få mest mogleg ut av skulegangen deira.
Bakgrunn
Traume kan oppstå på individ- eller familienivå. Barn kan få traume når dei er vitne til eller blir utsett for ein traumatisk situasjon, som mishandling, forsømming, stress, skilsmisse eller fysisk og psykiske sjukdommar. Situasjonen kan vere akutt eller langvarig, men det sentrale er at opplevinga overvelder barnet på ein slik måte at dei ikkje klarer å takle det dei opplev. Skadelege opplevingar i barndommen kan virke negativt inn på den sosiale, kognitive og akademiske utviklinga til barn og unge.
Når barn og ungdom blir påført traume, kan dette fylgje dei inn i vaksenlivet og gjer utslag i til dømes i form av lågare grad av akademisk gjennomføring, lågare nivå av tilsetting, og lågare inntekt og produktivitet. På bakgrunn av dette vil det vere av klinisk og sosial tyding å fastslå om skulebaserte traumesensitive tiltak (intervensjonar) kan hjelpe desse elevane. Å vere traumesensitiv vil seie å ha forståing for korleis traume påverkar nevrobiologi , neuroutvikling og tilknyting. Ved å gje tilsette ved skulen opplæring i traumesensitive tiltak kan dei intrigera denne kunnskapen inn i korleis dei driv klasserommet, og skulen generelt. Dei tilsette kan på denne måten ha eit anna perspektiv på utfordringane som kan oppstå når dei møter elevar med traume.
Føremål
I dette ser forskarane på om traumesensitiv tilnærming til barn og unge i skulen kan ha ei innverknad på læringa deira. Studiane som er inkluderte i kunnskapsoversynet, oppgjer både positive resultat (påviseleg innverknad) og null-funn (ingen påviseleg innverknad) av intervensjonane på læringa og skuleprestasjonane til barn og unge. Føremålet med oversynet er å sjå om ein slik type intervensjon kan ha ei positiv innverknad på læringa til barn og unge som har opplevd vanskelege situasjonar. Artikkelforfattarane ynskjer òg å produsere ein oversikt over manglande forsking innafor feltet, samt rettleie ny forsking til å tette hull i fagfeltet.
Inkluderte studiar
Søket etter relevante studiar blei gjort i overeinskomst med fire kriterium. Studiane måtte:
- innehalda traumesensitive tilnærmingar som var implementert på alle opplæringsnivå i organisasjonen
- vere retta mot barn og unge som har møtt vanskelege situasjonar som førte til traume
- måle akademiske resultat eller liknande (utfall relatert til akademiske resultat)
- vere skriven på engelsk
Studiar blei ekskludert viss dei (a) ikkje rapporterte om auka kunnskap om traume hos lærarar og andre tilsette ved skulen som fylgje av intervensjonen, eller (b) beskreiv fleirdimensjonale støttesystem («Multi-Tiered System of Support» ) som ikkje eksplisitt blei rapportert som traumesensitive.
Til saman blei 15 studiar, som alle er frå den engelskspråklege verda, inkluderte i det
. Aldersgruppene i studiane varierer mellom barnehage (n = 3), aldersgruppe fem til ti år (n = 5) og aldersgruppe elleve til 18 år (n = 7). Studiar som omhandla fleire aldersgrupper, er kategorisert etter den aldersgruppa fleirtalet av deltakarane var i. Studiane hadde utvalsstørrelsar på mellom 53 og 1 125 barn og ungdommar. Dei forskjellege studiane baserer seg på til saman åtte forskjellege tilnærmingar til traumesensitiv teori.
Resultat
Resultat i barnehage (fem år og under):
I barnehagen var fokuset på å fremme emosjonell regulering hos barna, samt at barna skulle lære seg å kontrollere åtferdsmessige impulsar. Dette gjer at studiane knytt til denne aldersgruppa hadde eit større fokus på akademisk-relaterte enn på reint akademiske resultat. Alle studiane fant forbetringar for nokon, men ikkje alle, akademisk-relaterte resultat som fylgje av intervensjonen. Ein såg at det var betre med ein innebygd form for traumesensitivt program enn ein form for konsultasjon som berre blei brukt ved behov. Etter at barnhagane prøvde intervensjonen, merka dei også nedgang i negativ åtferd hos barna, samt at barnehagelærarane fekk større sjølvtillit i leiinga av barna.
Resultat for aldersgruppa fem til ti år:
Av dei fem studiane frå alderstrinna fem til ti år rapporterte fire av fem ei positiv endring i nokon, men ikkje alle, akademiske og akademisk-relaterte resultat. Dei positive endringane var knytt til elevane si velvære, målsettingar, oppførsel og engasjement. Implementeringa av traumesensitive intervensjonar førte òg til at barn som møtte opp til arbeidsverkstad på skulen hadde ei betre forståing for korleis ein skulle slappe av og stole på andre. Skular som innførte ein traumesensitiv intervensjon rapporterte at barn med PTSD oppfylte færre kriteria for PTSD-diagnosen enn før implementeringa, men dei fleste av desse barna møtte framleis eit eller fleire av kriteria.
Ein av studiane såg på kva innverknad målretta investering i ei gruppe individ hadde å sei innafor traumesensitiv tilnærming. Gruppa som blei sett nærmare på var elevar som blei rekna som heimlause. Målet var å sjå om traumesensitive intervensjonar kunne påverke læring og auke resultata til den enkelte. Sjølv om ein berre fokuserte på denne spesifikke gruppa med elevar, ende forsøket med null-funn. Forskarane såg ingen betring i oppmøte, ferdigheitar eller oppførsel. Ein annan studie såg på korleis eit psykoterapeutisk tilbod ville påverke læringa til dei heimlause elevane. Heller ikkje denne studien resulterte i betring når det kom til læring, men forskarane såg ei positiv endring i elevane sine sosiale og kjenslemessige behov etter bruken av det psykoterapeutiske tilbodet.
Resultat for aldersgruppa 11 til 18 år:
Fleirtalet av dei sju studiane gjennomført på alderstrinna elleve til 18 år fann positive innverkingar av dei traumesensitive intervensjonane på enten akademiske eller akademisk-relaterte resultat. Berre ein av studia fann ingen positive innverkingar etter å ha tatt i bruk traumesensitiv intervensjonar. Skulane såg også at når det blei brukt disiplinære alternativ som «the monarch room» , gjekk utvisningsraten ned. Elevar som måtte gjennom dette alternative disiplineringstiltaket, klarte ofte å roe ned kjenslene sine og returnere til klasserommet, og unngjekk dermed å bli utvist.
Implikasjonar
Framtidig forsking på traumesensitive tiltak bør ta føre seg variablar som kan påverke resultatet av studien, til dømes kjønn, alder og utforminga av tiltaket. For å få ein betre forståing av langtidspåverknaden av traumesensitiv undervisning er det viktig at det blir gjort longitudinelle studiar på slike intervensjonar. Avslutningsvis blir det påpeikt at det trengs meir forsking på faktorane som beskyttar barn mot å utvikle ei traumeliding etter dei har opplevd potensielt traumatiserande situasjonar.
Roseby, S. & Gascoigne, M. (2021). A Systematic Review on the Impact of Trauma-Informed Education Programs on Academic and Academic-Related Functioning for Students Who Have Experienced Childhood Adversity. Traumatology, 27(2), 149–167.DOI: http://dx.doi.org/10.1037/trm0000276