Nye handlemønster krev nye strategiar for sentrumsbutikkane. Eit millionprosjekt skal sjå på moglegheitene handelsstanden har og korleis me kjem til å handle i framtida.
– Me har lenge sett ei utvikling, nå må me sjå på kva løysningar me har og korleis me har jobba under pandemien for å løyse utfordringane me no står midt i, seier Christine Lundberg, professor ved Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger.
Får innsikt via leiare
Saman med førsteamanuensis Malin Sundström ved Malmö universitet og frilansakademikar Vassilios Ziakas har Lundberg fått bevilga kring to millionar kroner av svenske Handelsrådet til forskingsprosjektet ”Pandemins lärdomar – strategiska möjligheter och innovationer för butiker i stadskärnan”.
Gjennom å følgje utvalde svenske butikkeigarar, leiarar og styremedlem i kring eitt år, ved å intervjue dei og gjennomføra spørjeundersøkingar, skal forskarane kartleggje korleis ein burde tenkje nytt kring butikkane i handlegatene, for at dei skal overleve. Dei skal også sjå på korleis butikkar i Storbritannia har løyst utfordringane,
– Skal ein finst i en fysisk butikk eller satse meir på e-handel? Kor skal ein finst om man skal finnast fysisk? Kva skal ein gjere med dei tilsette? Må me bli meir fleksible enn tidlegare? Kva kommer å skje i våre kvardagsliv som konsumentar om butikkane legg ned? Kva skal vi gjere av lokala da? Slike spørsmål vil me undersøkja, fortel Sundström.
Velvære og rekreasjon er moglege stikkord
Og korleis ser dei for seg at framtidas handleoppleving kjem til å bli? Kanskje er løysinga kortare leigeavtalar for butikkane, eit mindre sortiment i dei fysiske butikkane og eit breiare sortiment på nett og å leggje ned dei store kjøpesenterane for å flytte fleire butikkar inn til bykjernen. Eller må butikkane tenkje heilt nytt og leggje opp til ei breiare oppleving for kundane enn berre handel?
– I Storbritannia ser me for eksempel at det er ei stor utvikling i at butikkeigarar kan booke eigne tidspunkt for å ha pop-up-butikkar i ein attraktiv butikk. Mange prøver også å ta grøntområda i sentrum tilbake og lokkar folk med velvære og rekreasjon. Me skal snakke med dei ulike kjedene korleis dei ser på det, fortel Lundberg.
Prosjektet starta i september 2021 og skal føregå i 21 månader. Forskarane håper å kunne bidra til konkrete tiltak for sentrumsbutikkane, som inkluderer både nisjebutikkar og dei større kjedene.
– Me vil ikkje berre vite ting, men også hjelpe med strategiar om framtidas byar og butikkar, seier Sundström.
Tekst: Live Kolstad Kvalsvik