Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan strategisk marknadsføring og analyse.
Studieprogram: Master i økonomi og administrasjon, 2019-2021, frå Handelshøgskolen ved UiS
Spesialisering: Strategisk marknadsføring og analyse (no del av spesialiseringa "Ledelse")
Jobbar som: Data science konsulent hos Accenture Norway
Merknad: Spesialiseringa Hesam Salehi tok i strategisk markedføring og analyse, er no ein del av spesialiseringa "Ledelse".
Hesam Salehi er frå Iran der han også har to bachelorgrader frå: Ein i kjemisk prosessteknologi, og ein i business management. Før han kom til Noreg for å studere vidare jobba han som entreprenør, med næringsutvikling, som konsulent og dataanalytikar.
I 2019 kom han til Universitetet i Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS for å bli siviløkonom, og valde og spesialisere seg innan strategisk marknadsføring og analyse. I 2022 begynte han å jobbe som data science konsulent hos Accenture Norway.
Kva fekk deg til å velge UiS og Handelshøgskolen ved UiS?
Det var fleire grunnar til det. Til tross for at UiS verkar som eit vanleg universitet i ein liten by i Europa ved første augekast, så er det høg kvalitet på fagfolka her. Eg hadde kjennskap til fleire på fakultetet, og til deiras bidrag i fagfeltet eg hadde tenkt å studere. Og alle mine positive tankar om det eineståande lærings- og arbeidsmiljøet stemde. I tillegg er det stort studentmiljø og mange organisasjonar som gir moglegheit for sosiale aktivitetar og engasjement.
Kva inntrykk har du av utdanningskvaliteten hos UiS og Handelshøgskolen?
Eg meiner at UiS er dedikert til å gje studentane sine ei heilheitleg utdanning som rustar dei for framtidige karrierar. Professorane er kunnskapsrike og entusiastiske om faga sine, noko som gjer læringa morosam og interaktiv. Universitetet tilbyr eit mangfaldig utval av kurs som imøtekjem behova og interessa til ulike studentar. Studiumet og spesialiseringa mi hjalp meg med å lykkast med både jobbsøking og gjennomføring av prosjekt i jobben min.
Korleis synest du samarbeidet var mellom fakultetet og deg som student?
Mitt forhold til fakultetet var berre positivt, og veldig produktivt på grunn av ein open, tydeleg og regelmessig kommunikasjon. Dei var tilgjengelege og imøtekommande, svarte på spørsmål og gav rettleiing og støtte. Dei respekterer studentanes meiningar og perspektiv, og oppmuntrar alltid til å delta aktivt i diskusjonar for å forbetre læringsopplevinga.
Kva slags erfaring har du med å jobbe med bedriftar gjennom studieløpet?
I tredje semester tok eg det valfrie emnet internship, der fakultetet hjalp til med å finne ei passande bedrift. Der blei mi oppgåve å vurdere kundetilfredsnivået ved å samle inn og analysere primærdata. Eg opplevde at det var ein god kommunikasjon mellom bedrifta og fakultetet, og eg fekk god støtte til å gjennomføre. Dette vart mi første arbeidserfaring i Noreg, og det lærte meg blant anna om korleis arbeidskulturen er her.
Kva var den mest interessante forskinga du utførte som student her? Og korleis har det hjelpt karriera di vidare?
Det mest interessante var masteroppgåva mi, som vart rettleia av førsteamanuensis Elham Ghazimatin. Då fekk eg verdifull erfaring innan dataanalyse, analyse, visualisering og lærte korleis eg skulle finne effektive metodikkar for kvar forsking. Ferdigheitane eg utvikla her har vore utruleg nyttige for å løyse casestudieproblem i jobben eg har nå.
Korleis vil du kort beskrive spesialiseringa i strategisk marknadsføring og analyse?
Med tanke på faktorar som fakultetets kvalitet, ekspertise, pensum, studentstøttetenester og inkludering, så vil eg beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse.
Hadde du nokre bekymringar før du kom til Noreg og UiS? Og korleis blei desse løyst eller redusert gjennom studietida?
Eg gleda meg til å flytte til Noreg og oppleve ny kultur og livsstil. Til å begynne med var eg uroa for om eg kom til å passe inn i den nye kulturen, men eg vart overraska over den inkluderande atmosfæren på Handelshøgskolen. Studentane og alle tilsette var alle respektfulle og snille. Den flate kulturen som er utbredt i Noreg var spesielt tydeleg her på Handelshøgskolen. Professorane var alltid imøtekommande og miljøet var trygt, noko som gjorde at eg alltid kunne uttrykke mine idear og trygt kunne gje konstruktiv kritikk.
Kva synest du om Stavanger som by?
Eg er veldig nøgd med å bli buande i Stavanger. Byen har ei rik historie, eit fantastisk landskap og ein energisk kulturell atmosfære. Eg anbefaler på det sterkaste å besøke ikoniske Preikestolen.
Elles tilbyr Stavanger ein unik kombinasjon av urbant liv og naturleg skjønnheit, som tiltrekker både lokalbefolkinga og turistar. Det er eit stort internasjonalt miljø, og alle snakkar godt engelsk. Det er masse aktivitetar å halde på med både inne og ute, og eit bredt spekter av idrettar. I tillegg er heile byen sykkelvennleg.