Klaus Mohn er tilbudt stillinga som rektor ved Universitetet i Stavanger i fire nye år. No skal han byggje laget for den nye perioden og tre prorektorar skal tilsettast.
I slutten av juli 2023 er åremålsperioden for rektoratet til Universitetet i Stavanger (UiS) over. Nyleg vart det vedteke i UiS-styret at Klaus Mohn er tilsett for fire nye år.
– Eg er takksam for tilliten og gler meg til fornya innsats for å løfte Universitetet i Stavanger til nye høgder, i godt samarbeid med flotte kollegaar i heile organisasjonen, seier Klaus Mohn etter at det vart klart at han skal styre UiS-skuta vidare fram mot 2027.
– Ambisjonane er framleis høge og strategien ligg fast. Med hardare konkurranse og knappare ressursar blir det stadig meir tydeleg at dersom vi skal lykkast må vi trekke lasset i lag. Men utgangspunktet er framleis godt, for å utvikle eit framifrå læringsmiljø for studentane og ein attraktiv arbeidsplass for menneska som arbeider her, påpeiker UiS-rektoren.
Nye prorektorar
Også åremålsperioden til prorektorane går ut i sommar, og no startar jakta på tre prorektorar – ein for utdanning, ein for forsking og ein for innovasjon og samfunn.
Prorektorane inngår i rektor sitt leiarteam. I tillegg til strategisk leiing og utvikling har dei eit overordna fagleg og administrativt ansvar for einingar i fellestenesta.
Ein av prorektorane, prorektor for forsking Merete Vadla Madland, ønskjer å vere med i UiS-leiinga i fire nye år.
Medan prorektor for utdanning Astrid Birgitte Eggen og prorektor for innovasjon og samfunnskontakt Rune Dahl Fitjar ikkje søkjer om fornying av stillingane sine.
Klaus Mohn takkar Eggen og Fitjar for stor innsats og viktige bidrag til utviklinga av UiS gjennom dei siste fire åra, og ønsker dei begge lykke til med nye utfordringar.
Prorektor for utdanning
Eggen har i sin fireårsperiode blant anna jobba for å få alle tre utdanningsnivå – bachelor, mastergrad og ph.d. – inn i same kvalitetssystem.
I desember 2021 kunne UiS feire at Nokut hadde godkjend alle krav til kvalitetssystemet. Dette systemet sikrar at utdanningane til UiS held høg kvalitet.
Eggen har også vore styremedlem i ECIU University for UiS.
Prorektor for utdanning har leiaransvar for fellestenesta innafor fagområda sine, som er Utdanningsavdelinga og Eining for etter- og vidareutdanning og NettOp, avdeling for utvikling av digitale læringsressursar.
Prorektor for innovasjon og samfunn
Ei viktig satsing for UiS-leiinga dei siste fire åra er openheit og ytringsfridom, og eit av fokusa til prorektor for innovasjon og samfunnskontakt har vore å legge best mogleg til rette for at tilsette ved UiS skal kunne bidra med kritisk refleksjon og kunnskapsdeling i det offentlege ordskiftet.
Fitjar har også hatt ansvar for ei del av satsinga på grøn omstilling, ei satsing som viser seg fram gjennom mange forskarinitiativ og nye tilsettingar, samt at ein koordinator for grøn omstilling er tilsett og ei tverrfagleg arbeidsgruppe med forskarar er sett saman for å få ytterlegare fart på omstillinga.
Prorektor for innovasjon og samfunn har eit leiaransvar for Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt og Innovasjonsavdelinga.
Fitjar søker som nemnd ikkje fornying av stillinga. Stafettpinnen går dimed vidare.
Prorektor for forsking
UiS er i forandring og går frå å vere eit oljeuniversitet til eit omstillingsuniversitet som skal vere ein pådrivar for det grøne skiftet. Dette er også eit viktig fokus som prorektor for forsking har hatt dei fire siste åra.
To nye forskingssenter speglar satsinga på grøn omstilling. Nasjonalt senter for berekraftig utnytting av energiressursar vart etablert i 2022 for å sjå på korleis dei seinare stadia av offshore-verksemda skal bringe oss over til fornybar energi og gjere det mogleg å lagre CO2.
Det andre senteret, Greenhouse, er eit forskingssenter for miljøhumaniora, som dei seinare åra har vakse seg stort ved UiS. Greenhouse-forskinga bidreg med kulturelle og historiske perspektiv for å forstå kva type politikkutforming og kulturendring som må til for å lykkas med omstillinga.
Prorektor for forsking har leiaransvar for fellestenestene innafor fagområda sine, som blir utførd i Forskingsavdelinga og Universitetsbiblioteket.
Madland kjem til å søke ein ny periode og ønskjer altså å vere med vidare i UiS-leiinga som prorektor for forsking.
Tekst: Karen Anne Okstad, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, UiS
Foto: UiS / Elisabeth Tønnessen