Institutt for energiressursar er eit sterkt fagmiljø for energiressursar, teknologi for auka oljeutvinning, beslutningsanalyse og geologi.
38
140
Kjølv Egelands hus, E-blokk (3. etg), Kristine Bonnevies vei 22, 4021 Stavanger
Om institutt for energiressursar
Institutt for energiressursar (IER) har eit internasjonalt miljø, kor tilsette og studentar kjem frå heile verda. Vi forskar på utfordringar og moglegheiter knytt til miljø- og klimavennleg energi. Viktige forskingsfelt er utvinning og lagring av energiressursar og avfall i undergrunnen, geovitskap, teknologi for betra oljeutvinning (IOR), og avgjerdsanalyse. Instituttet tilbyr studieprogram for deg som vil jobbe med leiting etter, lagring eller utvinning av naturressursar. Studieprogramma gjer deg kunnskap innan fagfelt som geoteknikk, noko som også er relevant for bygg og arkeologi.
Instituttet arbeider i lag med andre universitet, forskingsinstitusjonar og industri. Vi har fleire engelskspråklege studieprogram og mykje utveksling blant både studentar og vitskaplege tilsette. Det er rundt 45 tilsette ved instituttet.
Studietilbod
Institutt for energiressursar har eit variert studietilbod på master- og doktorgradsnivå i petroleumsrelaterte fag.
Bachelor i geovitenskap og energiressursar
To utfordringar i samfunnet er energi og miljø. Bachelor i geo- og energiressursar bygger på geologi og teknologi knytt til energiressursar i undergrunnen. Vatn, vind og sol bidrar til energimiksen som kjem til å bestå både av fossil energi og fornybar energi – i overskuelig framtid. Alle desse elementa inngår i studieprogrammet geo- og energiressursar bachelor. (Det er ikkje opptak i dette studiet i 2024.)
Master i energi, reservoar og geovitenskap (toårig)
Energisektoren treng ingeniørar som forstår kompleksiteten i, og behovet for, ein overgang til ein berekraftig energimiks. Ei kombinert utdanning i geovitskap og reservoarteknologi vil gi deg moglegheita til å spele ei nøkkelrolle i framtidas lågutsleppssamfunn.
På dette masterstudiet lærer du meir om korleis geologiske og geofysiske metodar kan brukast for å påvisa ressursar i jordskorpa.
Master i Computational Engineering (toårig)
Dette masterprogrammet vil læra deg korleis du kan oppnå ei forståing av komplekse problemer, der ein ofte ikkje har tilstrekkeleg informasjon, med hjelp av modellar.
Ph.d. – Energiteknologi og geovitskap
Ph.d.-programmet i energiteknologi og geovitskap har spesialiseringar innanfor petroleumsgeologi, boring, reservoar og naturgass.
Enkeltemne
Du kan ta ulike enkeltemne ved instituttet.
Vi forskar på
Dei viktigaste forskingsområda ved instituttet er energiressursar, teknologi for auka oljeutvinning (IOR), beslutningsanalyse og geologi.
Instituttet leia det nasjonale IOR-senteret (2013-2021) og leiar no Nasjonalt senter for berekraftig bruk av norsk sokkel (NCS2030; 2022-2029).
Beslutnings- og dataanalyse
Verdi kan berre skapast gjennom våre beslutningar.
Usikkerheit er ein realitet i alle vesentlige beslutningar. Du kan ikkje ta gode beslutningar utan å ta omsyn til usikkerheit.
Lysdeteksjon og avstandsmåling (LIDAR)
Lysdeteksjon og -avstandsmåling (LIDAR) handlar om planlegging og innsamling av lidardata, samt behandling og tolking av 3D blotningsmodellar.
Proveniensforsking
Proveniensforsking sporar transportruter av sediment.
Slike undersøkingar blir gjort av ulike grunnar, til dømes for paleogeografiske, paleogeologiske og tektoniske rekonstruksjonar av basseng, bassengomgjevnader og kontinentale platekonfigurasjonar. Forskinga kan bidra til å rekonstruere både basseng og kjellerevolusjon, til dømes ved å estimere erosjonsraten. Det kan også brukast til arkeometri for å avsløre opphavet til materialer som brukast av tidlege menneske, og i rettsmedisinske fag.
Regionale bassengstudier
Bassengskalastudier fokuserer på å forbetre forståinga av paleogeografisk evolusjon, tektonisk og sedimentær interaksjon, og petroleumssystem ved å integrere overflate- og undergrunnsdata.
Strukturell geologi
Strukturell geologi er studiet av tektonisk deformasjon.
Vi fokuserer på deformering av øvre skorpe og korleis det påverkar erosjon og sedimentering i sedimentbassenger, dannar forkastningar og foldar som deler reservoarer, og gjer at materiale, slik som salt kan strøyme gjennom.
Geografisk informasjonsvitskap
Geografisk informasjonsvitskapeleg (GIS) forsking fokuserer på analyse av romlege relasjonar, definerer usikkerhet, og bruker GIS for beslutningstaking.
Geofysikk
Geofysikk bruker målingar av fysiske mengder for å hente og analysere informasjon om jordas og andre planetars geologiske eigenskapar.
Geofysiske metodar blir brukt i mange fag innanfor vitskap og ingeniørfag. Spesialiserte område inkluderer miljøgeofysikk, leitingsgeofysikk og geofysikk nær overflata.
Bruk av undergrunnen for lagring og produksjon av fornybar energi (engelske sider)
Forskargruppa tek føre seg spørsmål knytt til energiomstilling, hydrogenlagring, geotermisk varmeproduksjon og binding av karbon.
Kravet om å bli karbonnøytral innan 2050 krev eit skifte frå fossilt brensel til fornybar energi ved bruk av teknologi for fangst og lagring av karbon (CCS). SURE jobbar for å ta ei nasjonal og internasjonal leiarrolle i energiomstillinga.
Avansert kjerneanalyse – modellering, eksperimentell design og oppskalering
Å føreseie underjordiske strømningsprosessar er utfordrande, men svært viktig for olje- og gassproduksjon, karbonlagring, hydrogenlagring og -produksjon.
Beregningsteknikk (engelske sider)
Forskinga omhandlar utvikling og bruk av berekningsmodellar og simuleringar, ofte kombinert med databehandling. Målet er å løysa komplekse fysiske problem som oppstår i analyse og design, så vel som i naturfenomen.
Nasjonalt senter for berekraftig bruk av norsk sokkel (NCS2030)
Forskingssenteret NCS2030 skal finne løysingar som skaper mest mogleg verdi av energiressursane på norsk kontinentalsokkel, samstundes som vi når nullutsleppsmåla.
Målsettinga til senteret er å være den vitskaplege og teknologiske drivkrafta for å leggje til rette for ei energieffektiv bruk av undergrunnen som ei "berekraftig verdikjede under overflata".
Les meir om instituttet
Kontakt oss
Institutt for energiressurser
Fakultetsadministrasjonen TN
Kontor for utdanningsadministrative tjenester
Fakultetsadministrasjonen TN
Aktuelt frå instituttet
Nye metoder for analyse av kalkstein
Tine Vigdel Bredal har sett nærmere på analysering av kalkstein på kjernenivå og helt ned til den minste skalaen. Hun fo...
Avansert kjerneanalyse – modellering, eksperimentell design og oppskalering
Å forutsi underjordiske strømningsprosesser er utfordrende, men svært viktig for olje- og gassproduksjon, karbonlagring,...
Hva trenger energibransjen de neste årene?
Forskere ved Universitetet i Stavanger har bedt industrien om å definere utdanningsbehovet for de kommende årene. Hva bø...
Utdanningsprosjekter ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Hvert år siden 2017 har fakultetet lyst ut 1 million kroner til utdanningsprosjekt som skal bidra til å heve kvaliteten ...
UiS får senter for bærekraftig utnyttelse av energiressurser
Universitetet i Stavanger har fått tildelt Nasjonalt senter for bærekraftig utnyttelse av energiressurser på norsk sokke...
Industripriser til toppstudenter
Repsol, IKM Acona og Vår Energi delte ut til sammen ni priser og 275.000 kroner til bachelor- og masterstudenter ved UiS...
Setter ny retning for geofag
Institutt for energiressurser ved UiS satser på nytt utstyr og nye forskningsområder innen geoteknikk og geofysikk. Derm...
Geofag best for femte gang
Studentene har kåret Petroleum Geosciences Engineering ved UiS til det beste masterprogrammet innen geofag.
Petroleumsgeologen
– Feltturene til Spania og Hellas var utrolig lærerike, sier Jacob Dieset. Alumnien jobber med å bygge ut en geologisk l...
Prisdryss over petroleumsstudenter
Repsol, Acona og Vår Energi delte ut til sammen 10 priser og 325.000 kroner til bachelor- og masterstudenter ved UiS.
Geovitenskap
De viktigste forskningsområdene innenfor geovitenskap er energiressurser, teknologi for økt oljeutvinning (IOR), beslutn...
Ph.d. - program i Energiteknologi og geovitenskap
Energiteknologi og geovitenskap er en retning innenfor doktorgradsprogrammet i teknologi og naturvitenskap ved UiS. Stud...