På denne sida finn du ei oversikt over institusjonelle handlingsplanar for UiS.
Handlingsplan for etisk handel 2020-2024
Universitetet i Stavanger (UiS) skal etterspørje og forbruke varer og tenester som er produsert etter høge sosiale og etiske standardar.
Handlingsplanen beskriv det arbeidet UiS gjer for å bidra til at varer vi kjøper er laga i tråd med internasjonalt anerkjente standardar for arbeidsforhold og miljøhensyn.
I handlingsplan for etisk handel kan du også lese om planlagde mål og tiltak for planperioden.
Handlingsplan for likestilling og mangfald for studentar og tilsette 2022-2025
Handlingsplanen beskriv kva UiS gjer for å skape eit trygd arbeids- og læringsmiljø for alle. Planen er i samsvar med Gender Equality Plan (GEP) i Horizon Europe.
Strategi 2030 legg vekt på å sjå mangfald som ein ressurs. UiS meiner at vi skal ha respekt for at alle er ulike og har ulik bakgrunn, og har derfor nulltoleranse for diskriminering på grunnlag av etnisitet, språk, religiøsitet, livssyn, kjønn, seksuell orientering, identitet, funksjonsnivå, sosial og sosioøkonomisk bakgrunn.
Engelsk versjon:
Handlingsplan for kommunikasjon og samfunnskontakt 2022-2025
Handlingsplanen viser satsningsområda og dei institusjonelle utviklingstiltaka for kommunikasjon og samfunnskontakt.
Alle medarbeidarar innanfor fagområdet kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS arbeider etter desse satningsområda og utviklingstiltaka.
Handlingsplan for inkludering av personar med nedsett funksjonsevne eller fråver fra arbeid og utdanning
UiS har som mål om at minst 5 prosent av nytilsette skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
På lang sikt ønskjer UiS at inkludering og rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en blir ein integrert del av i HR-strategiane og rekrutteringspraksisen i verksemdene.