I eit utval nedsett av regjeringa, som skal gi råd om reisemålsutvikling og besøksforvaltning i norske kommunar, sit Truls Eric Johan Engström, førsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskole.
– Dette er veldig spennande og interessant. Eg føler meg privilegert over å bli spurt, det er et viktig prosjekt for reiselivet, seier Engström.
– Viktig med felles retningsliner
Ifølgje regjeringa si pressemelding skal utvalet blant anna vurdere om reisemåla har nødvendig handlingsrom til å handtere lokale utfordringar og utnytte potensielle moglegheiter knytt til reiseliv.
Engström tykkjer det er viktig med eit utval som kan einast om ein felles strategi for korleis ein kan forvalte ressursar samstundes som ein skapar verdiar for Noreg.
– Reiselivet bruker mange felles ressurser, natur og byrom i våre produkter. Difor er det viktig å ha nokon felles moment me kan einast om, seier han.
Medlemar med ulike perspektiv
Dei resterande medlemane i utvalet er:
Namn | Tittel | Bustad |
Trine Skei Grande (leder) | Stortingsrepresentant | Oslo |
Gro Svarstad | Dagleg leiar | Trysil |
Kari Aina Eik | Generalsekretær | Ålesund |
Kirsten Indgjerd Værdal | Direktør | Inderøy |
Ann Heidi Hansen | Prosjektleiar | Bodø |
Trond Øverås | Adm. direktør | Tromsø |
Marit Vorkinn | Seniorrådgjevar | Øyer |
Preben Falck | Dagleg leiar | Stavanger |
Richard Grov | Hotelldirektør | Loen |
Rolf Røtnes | Fagdirektør | Nordre Follo |
Truls Eric Johan Engström | Førsteamanuensis | Stavanger |
Engström meiner det er ei brei og spennande gruppe med gode moglegheiter for fleire nyttige perspektiv.
– Eg tenkjer at me kan komme fram til ein rettleiar om korleis reiselivet skal utviklast, og at me får belyst det frå så mange sider som mogleg. Det er viktig å få fakta på bordet slik at ein kan ta avgjersler, seier han.
Tekst: Live Kolstad Kvalsvik