Språkutvalet er Universitetet i Stavanger sitt rådgivande organ i språkspørsmål. Utvalet skal sjå til at dei språkpolitiske retningslinjene ved UiS vert følgt og utvikla.
Ifølge dei språkpolitiske retningslinjene for Universitetet i Stavanger som vart vedtekne av universitetsstyret 24. september 2019, skal UiS ha eit rådgivande organ i språkspørsmål. Dette språkutvalet skal ha som overordna mandat å sjå til at dei språkpolitiske retningslinjene vert følgt ved universitetet.
Som kulturberar og samfunnsinstitusjon har Universitetet i Stavanger eit særskilt ansvar for det norske språket. Samstundes skal språkpolitikken ved UiS spegle at vi både er ein internasjonal studiestad og arbeidsplass. Dei språklege retningslinjene skal såleis bidra til å gjere universitetet til ein god arbeidsplass og studiestad og legge til rette for eit klart og forståeleg språk utan å senke den faglege presisjonen.
Språkutvalet skal
- arbeide for at språkpolitikken ved UiS vert handheva og utvikla ved behov
- bli orientert om den årlege rapporteringa til Språkrådet, drøfte tilbakemeldinga frå Språkrådet og eventuelt gi råd for oppfølging for å sikre at krava Språklova vert følgt
- på oppfordring gi råd om
- parallellspråkbruk
- namn på nye studietilbod og einingar
- nye språklege hjelpemiddel og ressursar
Samansetting
Medlemmane av utvalet skal vere oppnemnt av rektor for ein periode på to år. Utvalet skal ha følgande samansetting:
- tre vitskapleg tilsette - ein av desse skal vere leiar
- ein kommunikasjonsrådgjevar frå fakulteta
- ein studentrepresentant
Sekretariat: Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar knytta til språkpolitikken ved UiS, kan du sende ein e-post til sekretariatet.
Frå studieåret 2023/24 består utvalet av:
Gølin Christine Kaur Nilsen – leiar, førsteamanuensis i norsk ved UH-fakultetet
Brita Gjerstad – medlem, vitskapleg tilsett ved SV-fakultetet
Nestor Cardozo – medlem, vitskapleg tilsett ved TN-fakultetet
Maria Gilje Strand – medlem, kommunikasjonsrådgjevar ved Lesesenteret, UH-fakultetet
Oda Helene Angaard – medlem, studentrepresentant
Sekretær: Camilla Larsen (avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt)