Åtte unge medforskarar og to forskarar ved Universitetet i Stavanger deler kvifor dei meiner forskarar bør engasjera unge menneske til å ta del i forsking om psykiske helse.
I forskingsprosjektet InvolveMENT ved Universitetet i Stavanger har forskarar over fleire år jobba med ungdom for å utvikla kunnskap som kan bidra til betre psykiske helsetenester for unge.
For prosjektleiar Petter Viksveen var det openbart at ungdommar måtte vera med for at forskingsprosjektet skulle opplevast som relevant for målgruppa.
– Meiningane til dei unge er avgjerande for å forstå korleis dei opplever at tenestene er tilpassa ønska og behova deira. Likevel blir dei i lita grad involvert i forsking på unges psykiske helse, seier han.
Tilrår å engasjera ungdom
For å visa at det er mogleg å få til og vera til inspirasjon for andre forskarar, har Viksveen saman med nokre av medforskarane i prosjektet laga ein video kor dei deler det dei meiner er viktig for å få til god involvering.
– Først og fremst viser me med dette at det finst ungdom som er oppteken av temaet og som har lyst å engasjera seg. Eg håpar òg at det kan inspirera forskarar og studentar som er tidleg i karrieren sin til å ta i bruk gode metodar for involvering, seier Laia Meldahl som er ein av medforskarane i prosjektet.
Sjå videoen nedst i saka!
Meldahl og Viksveen tilrår unge å engasjera seg i forsking, men påpeikar òg at det er viktig at forskarane prioriterer å bruka tid med dei.
– Det viktigaste å hugsa på når ein inkluderer ungdom i psykisk helseforsking er å skapa eit miljø der ungdom kjenner seg trygge til å snakka ope og ærleg, slik at dei ikkje berre er samde i det forskaren har å seia eller føler at dei ikkje blir høyrde når dei seier kva dei eigentleg meiner, seier ho.
Les òg: 10 tips for å involvera ungdom i forsking på psykisk helse
Deltakinga påverka studievalet
Laia vart med i prosjektet som 16-åring. Då var ho elev på St. Olav vidaregåande skule i Stavanger. No er ho 21 år og studerer psykologi, litt på grunn av erfaringane ho har fått gjennom deltakinga i prosjektet.
Viksveen fortel at rolla til dei unge har utvikla seg gjennom prosjektet.
– Dei har vakse inn i rolla, og vart meir og meir aktive. Etter kvart fekk dei tittel som medforskar i staden for ungdomsrepresentant, seier prosjektleiaren.
For Laia og dei andre unge medforskarane har samarbeidet mellom anna ført til deltaking og presentasjon på ein stor internasjonal konferanse, planlegging og gjennomføring av eit seminar for ungdom, planlegging av forsking, innhenting og analyse av data, og skriving av vitskaplege artiklar.
– Det har vore ein lærerik og givande prosess å vera ein del av. Eg meiner at den beste måten å bli høyrd på, er å få høvet til å seia det sjølv, legg ho til.
Vidare fokus på minoritetsungdom
I fjor fekk forskarane midlar frå Noregs forskingsråd til å undersøka den psykiske helsa blant urfolks- og minoritetsungdom i Noreg, og utvikla digitale helsetenester som er tilpassa den kulturelle bakgrunnen deira.
– Dette er grupper som sjeldan eller aldri blir høyrde, og som treng meir støtte. Digitale tenester som ung.no kan fungera for nokre av dei, men då må innhaldet tilpassast for å møta behova til desse ungdommane, seier Viksveen.
Alle dei 10 medforskarane blir med vidare i prosjektet, som også vil inkludera representantar med bakgrunn som nasjonale minoritetar, urfolk og flyktningar.