Universitetet i Stavanger er tildelt eit UNESCO-professorat i mangfald, inkludering og utdanning.
UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
Utnemninga UNESCO chari blir gitt til institusjonar verda rundt som har fagmiljø som utmerkar seg innanfor utvalde område som er relevante for UNESCO. Ordninga vart etablert i 1992.
UiS er blitt tildelt professoratet etter søknad til UNESCO. Den offisielle oppstarten på avtalen mellom UiS og UNESCO var våren 2020, og gjeld i fire år.
Skal skape møteplassar
Å vere vertskap for ein såkalla «UNESCO chair» inneber i stor grad å drive nettverksarbeid i inn- og utland, lage møteplassar for folk som tradisjonelt sett kanskje ikkje jobbar saman, og sette relevante tema på dagsorden.
– Eit døme er korleis vi jobbar med mangfald og inkludering innan ulike fagtradisjonar på UiS. Når vi byrjar å snakke med kvarandre om felles problemstillingar som til dømes mangfald i klasserommet, ser vi at vi har mange felles punkt, men der eg ser på mangfald frå eit religions- og livssynsperspektiv, ser kollegaer på Læringsmiljøsenteret det frå ein sosialpsykologisk ståstad. Då må vi ut av komfortsonen og prøve å forstå teoriar vi ikkje er vant med å bruke sjølv, og av og til må vi gå rundar med oss sjølv. Det er mangfald i det også, seier religionsprofessor Geir Skeie.
Det er også meininga at arbeidet etter kvart også skal gå inn i nokre av utdanningane, på forskjellige vis.
– Forskingsgruppa består av folk som jobbar med lærar- og lektorutdanningane, kultur, religion, inkluderande pedagogikk, språk og meir overgripande perspektiv, fortel Skeie.
Vil samarbeide utanfor akademia
– Mangfald og inkludering er komplekse og store samfunnsprosessar. Vi ser dette som eit høve til å forsterke fokuset på det vi allereie er opptekne av. Det er eit samfunnsope felt, og vi kan ikkje berre halde på med det innanfor ei snever, akademisk verd. Vi er difor allereie i gang med å utvikle samarbeidet både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
UiS har allereie eit definert forskingsområde innan denne tematikken, og det er i denne forskargruppa UNESCO-samarbeidet skal ha sin base.
– Akademia i dag handlar i stor grad om teamarbeid. Sjølv om professoratet teknisk sett er knytt til meg og mi stilling, er det ei fjør i hatten til heile forskingsmiljøet vårt - dette står vi saman om.
Berekraftsmål står sentralt
Professoratet og tematikken mangfald, inkludering og utdanning er tett knytt til FN sitt fjerde berekraftsmål, om lik rett til god utdanning.
Dette målet tar opp i seg det inkluderande perspektivet. Alle skal ha høve til utdanning, og kunne bruke den i samfunnet. Då er det viktig å sjå på korleis det er å vere i utdanningssystemet. Sjølv om vi i Noreg har eit velfungerande utdanningssystem, ser vi eit mangfald av menneska som er i systemet og ein stor variasjon i korleis dei opplever det. Då er vi rett inni problematikken knytt til mangfald og inkludering som i mykje dreier seg om demokratisk medborgarskap.
– Historia viser at det er vanskeleg å få til sosial utjamning gjennom utdanning sjølv om dette har vore eit politisk ønske. Når det viser viser seg så vanskeleg i praksis treng vi meir kunnskap om kvifor dette skjer og samarbeid mellom forskarar, politikarar og dei som arbeider i skule og barnehage, seier Geir Skeie.
Brei relevans på UiS
– Vi veit at det er mange på UiS som er opptekne av desse tinga, på tvers av fagmiljø. Det har vore diverse møtepunkt opp gjennom åra, blant anna mellom alle dei som er engasjert i spørsmål kring det fleirkulturelle Norge, men vi har aldri fått nokon god struktur på arbeidet med mangfald og inkludering. UNESCO-professoratet er eit høve til å skape samband på tvers av universitetet, seier Skeie.
Tematikken er relevant for alle som jobbar med helse- og sosialfag, utdanning, humaniora – men også innan teknologi og næringsliv.
– Problemstillingane vi jobbar med må løysast på tvers, og utfordringar knytt til mangfald og inkludering dukkar opp på ulike måtar på ulike fagfelt, meiner Skeie.
UiS har òg eit mangfald av studentar og tilsette, frå mange land og ulike bakgrunnar.
– Vi er eit arbeidsfellesskap, og har dei same utfordringane som andre arbeidsmiljø. Det handlar ikkje berre om å gjere studentar flinke til å jobbe med desse tinga gjennom utdanningane deira, og bringe fram forsking som kan gi auka innsikt, men rett og slett bli endå betre på å handtere mangfald og inkludering i vårt eige arbeidsmiljø. Ein vil gjerne at det skal gå av seg sjølv, men fullt så enkelt er det ikkje, meiner Skeie.
Samarbeidspartnarar
Initiativ frå Stavanger kommune. Vil utvide samarbeidet.
Det opphavlege initiativet til å sende ein søknad til UNESCO kom frå Stavanger kommune, gjennom Sølvberget og fribyforfattarforeininga ICORN, som ønska seg eit tettare samarbeid med UiS innan desse temaa.
– Etter kvart kopla VID og Fiji-stiftinga seg på, og vi såg at dette kunne vere ein god måte for UiS å samarbeide med andre utanfor akademia, som også er opptekne av desse spørsmåla.
Kontakt oss
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Geir Skeie fyller stillinga som UNESCO-professor. Han er professor i religionsdidaktikk ved Institutt for kultur- og språkvitskap (UiS) og professor II ved NTNU. Dei siste ti åra han han også vore professor ved Stockholms universitet og er fortsett rettleiar for doktorgradskandidatar der.
Skeie si forsking handlar om religion, livssyn og utdanning og tar opp både teoretiske og empiriske problemstillingar. Fokus er på mangfald og inkludering, der spørsmål om menneskerettar, rettferd og danning står sentralt. Skeie har leia ei rekke forskingsprosjekt og samarbeider med kollegaer frå ulik fagbakgrunn i inn- og utland.
Relatert forskning
Du er kanskje også interessert i
Inkluderende forskningsprosjekt skal se nærmere på de matematiske utfordringer utviklingshemmede møter i dagliglivet
UiS-forskere skal utvikle matematikkressurser som hjelper barn med utviklingshemning å få den nødvendige matematiske for...
Ikkje-verbal kommunikasjon og morsmål i barnehagen hjelper fleirspråklege barn med å læra
Likevel syner forskinga òg at fleirspråklege barn ikkje alltid får dei same læringsmoglegheitene som einspråklege barn.
Fleirkulturelle barnehagar - korleis skape eit positivt læringsmiljø?
Barnehagelærarar som gir kjenslemessig støtte, er varme og tydelege, legg til rette for leik og læring mellom barn av ul...
Barnehageleder kjenner igjen mange av problemstillingene som tas opp i KSUs kunnskapsoversikt om flerspråklige barn i barnehage
Kunnskapsoversikten bekrefter mye av det vi allerede jobber med. Samtidig gir den oss noen nye perspektiver, sier Carina...
FILIORUM-forskere tildelt nytt EU-prosjekt
Barnehageforskere fra Universitetet i Stavanger har sammen med fem europeiske partnere mottatt EU-finansiering til et ny...
– Et godt verktøy for barnehager
Arbeidet med å fremme et trygt og godt barnehagemiljø har aldri vært viktigere. Nå har ledere og ansatte i barnehagene f...
Mangfold og inkludering i barnehage og skole
Her finner du ressurser om mangfold og inkludering i barnehage og skole.
Psykososialt barnehagemiljø inn i barnehageloven
1. januar 2021 ble det innført endringer i barnehageloven. Endringene skal sikre at barnet opplever barnehagen som et tr...
Bok: Flyktningkompetent barnehage
Hvordan får nyankomne familier vite at barna har rett til barnehage? Barnehagens arbeid overfor flyktninger blir ekstra ...
Tilhørighet i barnehagen
For barn og unge er det viktig å høre til, og kjenne på en tilhørighet i en gruppe av jevnaldrende der man har venner og...
– Ser barnet tydeligere gjennom observasjon
Barnehagen skal se hele barnet – og gode kartleggingsverktøy er til hjelp når man ikke ser alt, mener erfarne barnehagel...
Hvordan skape inkluderende fellesskap for barn med autisme?
I et utdanningssystem hvor et hovedmål for barnehager og skoler er å skape inkluderende fellesskap for læring og utvikli...
Mangfold, inkludering og utdanning
Dette forskningsområdet springer ut av de utfordringer som moderniserings-, globaliseringsprosesser og teknologiutviklin...
Mangfold og inkludering i barnehagen
En forutsetning for inkludering er at barnehagens ansatte ser forskjellighet og mangfold som verdi, styrke og ressurs.
Språkvansker gir ensom lek
Lek og sosialt samspill er viktig for barns utvikling. Barn med språkvansker havner ofte utenfor og mister dermed dyreba...
Inkludering av barnehagebarn og skoleelever med innvandrerbakgrunn
Hvordan kan ansatte i barnehager og skoler sørge for at alle barn og unge de jobber med føler seg inkludert?