Arild Våge Berge utforskar i Technological Twilights kva som vil vera att etter oss og vår tid.
Arild Våge Berge utforskar i Technological Twilights kva som vil vera att etter oss og vår tid. Kva prosessar bidreg til forfall, rust, morkning, ruin? Gjennom utforsking av materielle nedbrytingsprosessar skaper han med sitt kunstnariske blikk eit poetisk tankeeksperiment som opnar for spekulasjon om kva framtidsarkeologane vil finna etter oss. Korleis vil musea i framtida stilla ut denne kulturarven? Korleis vil den norske oljealderen bli vekta samanlikna med teknologiar frå andre epokar når den store historia eingong blir skriven på ny?
Velkomen på utstillingsopning 25. mars klokka 13.00:
13.00 Velkomen ved avdelingsleiar Iselin Grayston
13.05 Panelsamtale mellom kunstnar Arild Våge Berge og kunsthistorikar Christine Hansen
13.30 Opning av utstillinga
15.00 Slutt
Det vert servering av forfriskningar. Gratis inngang!