Liv Randi Erdal Bergsagel er engasjert og motivert, og vil vere der ho kan gjere ein skilnad; som pedagogisk leiar i ein barnehage, noko utdanningsløpet hennar peiler stødig i retning av. Dette er ein deltidsstudent med fullbooka timeplan. I tillegg til studiene er ho nemlig også studentassistent ved Didaktisk-digitalt verkstad, og ho er mentor for fyrsteårsstudentar. Heia, Liv Randi!
Kvifor valde du barnehagelærarutdanning?
– Eg er barne- og ungdomsarbeidar, og har spesialisert meg på arbeid med barn og unge som har særskilde behov. Då eg sjølv fekk barn medan eg gjekk på denne utdanninga, førte det til ein sterk motivasjon for å jobba med dei som trong meir støtte. Det var denne motivasjonen som dreiv meg i retning av barnehagelærarutdanning. Eg kjende at eg vil inn i dei situasjonane, på dei arenaene, der eg kan gjera ein skilnad. Det er uhyre viktig at den pedagogiske leiaren, og barnehageleiinga elles ser til og sikrar at ting går bra. Som barne- og ungdomsarbeidar har eg sett korleis fråvær av pedagogisk leiing kan ringast kvaliteten og tilbodet som blir gitt barna. Det trigga meg og gjorde at eg enda opp med søkja barnehagelærarutdanning.
Kva ynskjer du å gjere når du er ferdig utdanna?
Eg ynskjer absolutt å kome meg ut i feltet, til barnehagen. Eg vurderer òg å gå vidare med spesialpedagogikk, eller kanskje logopedi. Eg likar å jobba med menneske, og har alltid vore glad i barn.
Du tek studiet på deltid, fortel litt om korleis det fungerer!
– Eg tek studiet deltid over fire år, og no er eg på andreåret. Deltidsstudiet gir meg tre dagar per månad med studiar. Fem veker i året går med til praksis. Eg har jobb i ein barnehage, men eg valde å ta ein permisjon frå den jobben no i studieperioden. I staden for å jobba deltid i barnehagen, har eg fått meg ein 20 prosents stilling ved Didaktisk-digitalt verkstad, DDV. Eg har ønskt å kunna fordjupa meg i arbeid med digitale ressursar i barnehagen, og det får eg høve til via denne jobben! Ein kan lese om digital kompetanse i Rammeplan for barnehagen, men det trengst større forståing for dette ute i praksisfeltet.
Liv Randi Erdal Bergsagel tek barnehagelærarstudiet på deltid. Les meir om dette tilbodet her.
Då eg sjølv fekk barn medan eg gjekk på skule for å bli barne- og ungdomsarbeidar, førte det til ein sterk motivasjon for å jobba med dei som trong meir støtte. Det var denne motivasjonen som dreiv meg i retning av barnehagelærarutdanning.
Liv Randi Erdal Bergsagel fortel at ho oppdaga at det går an å søkja om å ta barnehagelærarutdanning med ein bestemd profil, der digital kompetanse er ein av profilane som blir tilbodne. Dette er likevel eit tilbod som berre blir heiltidsstudentar gitt. Dermed fann Bergsagel si eiga løysing for å tileigna seg digital spisskompetanse, ved å søkja stilling som studentassistent ved DDV.
(Sidan denne artikkelen blei publisert har det blitt mogleg for deltidsstudentar å søkje seg til ein profil. Tilbodet gjeld no både heiltids- og deltidsstudentar ved barnehagelærarutdanninga.)
Korleis er elles studiekvardagen din lagd opp?
– Kvardagen blir delt mellom eige arbeid med oppgåver og studiar heimefrå, 20 % stilling i DDV og så er eg mentor for førsteårsstudentar, som også er ei lita deltidsstilling. Som mentor bruker eg erfaringane eg gjorde meg det første året som student og deler dei med studentane som no er i første år. Det kan handle om uvisse rundt praksis, eksamen, førebuingar. Eg har forelesingar om erfaringane mine rundt dette og andre aktuelle saker for to grupper, ein på 20 studentar og ein på 14. Å ha desse forelesingane gjer at eg no synest det er greitt å snakka framfor ei større forsamling.
Kven tilrår du å ta barnehagelærarutdanning?
– Leikne vaksne, og dei som ønskjer å utvikla seg i møte med barn. Eg tenkjer at dei som ser kombinasjonen leik og læring vil trivast både i utdanninga og ute i arbeidslivet, i barnehagen. For både utdanninga og arbeid i barnehagen gjeld det å utvikla vekslinga mellom det å vera god rollemodell i å vera leikande vaksen og å greia å vera seg sjølv saman med barna. Og ikkje minst utvikla observasjonsevne og overblikk. For dei som synest det høyrest interessant ut, er barnehagelærarutdanninga midt i blinken.
Har du andre råd til dei som har spørsmål rundt lærarutdanning?
– Les informasjon om utdanninga på nettet, høyr litt rundt, kva er erfaringane til andre, snakk med folk, høyr korleis det fungerer på studiet, i praksis, utforsk. Snakk du med folk som jobbar i barnehage er det viktig å innhenta fleire erfaringar, frå ulike barnehagar, som gjerne jobbar på vidt ulike måtar, er ulikt organiserte, sånn at du får danna deg eit godt bilete av både utdanninga og arbeidslivet.
Du er kanskje også interessert i:
Difor tek dei barnehagelærarutdanning:
Blir barnehagelærer med fordypning innenfor digital teknologi
Linn Braut Pettersen hadde jobberfaring fra barnehagen som assistent før hun begynte å studere. Jo mer hun jobbet i barn...
‒ Barnehagelærerutdanningen byr på gode variasjoner!
‒ Det var da jeg jobbet som ringevikar i barnehage ved siden av studiet at jeg oppdaget at jeg trives veldig godt med jo...
Barnehagelærerutdanningen gir henne mulighetene hun har ønsket seg
‒ Med dette vil jeg få mer ansvar og utfordringer. Lisemari Torgersen har bakgrunn fra arbeid som barne- og ungdomsarbei...
- Barnehagelærerutdanning rommer så mange muligheter
Jonas Topnes Jørgensen er snart ferdig utdannet barnehagelærer. Han setter pris på variasjonen innenfor utdanningen og m...
Kristine studerer barnehagelærer deltid
Det betyr at hun tar utdanningen over fire år i stedet for tre år.