Kven har vært viktig for ditt læringsmiljø det siste året?

Er det ein enkeltperson eller eit miljø som har gjort noko særleg bra for studiekvardagen din? Då vil me oppmoda deg til å nominera dei til Utdannings- og læringsmiljøprisen 2024!

Publisert Sist oppdatert

Utdannings- og læringsmiljøprisen har som mål å anerkjenna miljø eller enkeltpersonar ved Universitetet i Stavanger som lukkast med tilrettelegging for studentane si læring gjennom medviten, fagleg, pedagogisk og sosial innsats.

Føremål

Fem personer i røde ambulanseuniformer står oppstilt. Kvinnen i midten holder et diplom og en bukett.
I 2023 fekk Nina Vatland ved paramedisinstudiet prisen.

Føremålet med utdannings- og læringsmiljøprisen ved UiS er å anerkjenna godt arbeid med utdanningskvalitet og læringsmiljø, og stimulera til systematisk kvalitetsarbeid i utdanningane. Spesiell innsats for tilrettelegging av det fysiske og psykososiale læringsmiljøet ved UiS kan òg leggast til grunn. I tillegg rettar prisen seg og mot godt fagleg arbeid med utdanningane.

I fjor fekk universitetslektor og ambulansearbeider Nina Vatland ved paramedisinstudiet utdannings- og læringsmiljøprisen.

Kven kan nominerast?

Prisen kan tildelast ein tilsett, eit institutt, eit studienivå innan eit studieløp, ei faggruppe ved eit institutt, ei administrativ eining eller annan eining ved Universitetet i Stavanger med ansvar for eit avgrensa studium eller undervisingseining.

Tiltaket som blir vurdert må vera gjennomført i samarbeid mellom studentar, undervisingspersonale, administrativt personale og evt. andre aktørar. 

Det vil bli lagd vekt på korleis det faglege innhaldet, pedagogisk tilrettelegging og læringsmiljøet saman medverkar til god utdanning for studentane.

Alle studentar og tilsette kan nominera kandidatar til prisen.

Send inn forslag til kandidatar!

Fristen for å nominera er 3. mai 2024.
Prisen er på 50.000 kroner og eit diplom. Vinnaren får prisen under UiS sin årsfest i oktober 2024.