Forskingsprosjektet Caring Futures: Developing Care Ethics for Technology-Mediated Care Practices vil vidareutvikla omsorgsetikk i ei stadig meir teknologisk helse- og velferdssektor.
Befolkninga i verda eldest. I tiåra framover vil delen eldre auka kraftig, og sjukdomsbyrden veks tilsvarande. På bakgrunn av dette er det politisk bekymring for aukande press på ressursgrunnlaget i velferdsstaten i framtida. Meir effektivitet og innovasjon i helse- og velferdstenestene blir sedde på som svar på denne ressursutfordringa.
Utvikling og bruk av ny teknologi er presentert som ein sentral del av løysinga. Teknologi skal vera eit verktøy i omsorgstenestene, men kan ikkje erstatta alle aspekt ved tradisjonell omsorg som finn stad i relasjonen mellom brukarar og fagpersonar. Førebels har vi lite kunnskap om slike omsorgsetiske aspekt ved teknologisk innovasjon, også innanfor dagens teknologi-medierte omsorgspraksisar.
Har identifisert kunnskapshol
Forskargruppa har identifisert to betydelege kunnskapshol: 1) at det i det aukande kravet i samfunnet om ny teknologi i omsorgspraksis manglar omsorgsetisk forståing, og 2) at det i det teoretiske grunnlaget til omsorgsetikken, manglar ei forståing av at teknologi allereie inngår i omsorgspraksisar. Dette utgjer ein betydeleg samfunnsmessig, kulturell og vitskapleg utfordring, som forskingsprosjektet Caring futures skal finna svar på.
Vi undersøker omsorgsetiske spenningar mellom behovet i samfunnet for bruk av meir og ny teknologi i dagens helse- og velferdstenester på den eine sida, og tradisjonelle, relasjonsbaserte og profesjonelle omsorgskulturar på den andre. Vi vender oss til den klassiske omsorgsetikken, men har som mål og fornya omsorgsetisk teori på ein måte som tar rolla til teknologien i omsorgspraksisar på alvor.
Praksisnær kunnskap om etiske utfordringar
Prosjektet gir ny kunnskap til brukarar og profesjonelle i primær- og spesialisthelsetenestene, og dessutan velferdstenestene og samfunnet som heilskap. Målet vårt er å bidra med forsking som kan sikra kvalitet i teknologi-medierte omsorgspraksisar, og å ta vare på omsorgsetiske perspektiv på relasjonsarbeid, med implikasjonar for praksis, policy og utdanning. Forskingsprosjektet vil, med andre ord, utvikla eit omsorgsetisk paradigme for omsorgsfulle framtider.
Prosjektet består av fire arbeidspakkar knytt til fire ulike teknologi-medierte omsorgsfelt:
- Elektronisk standardisering i barnevernstenesta (leder Ida Bruheim Jensen, Institutt for sosialfag, Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiS)
- Profesjonelle si sjølvforståing og ideal i teknologi-mediert helsearbeid (leder Ellen Ramvi, Avdeling for omsorg og etikk, Det helsevitskaplege fakultet, UiS)
- Førestillingar om teknokropper og omsorg (leder Ingvil Hellstrand, Avdeling for omsorg og etikk, Det helsevitskaplege fakultet, UiS)
- Leiing, design og implementering av teknologi i omsorgspraksis (leder Brita Gjerstad, Institutt for sosialt arbeid, Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiS)
Du kan finne meir informasjon om desse på våre engelske nettsider.
Aktuelt
Ingvil Hellstrand får Universitetsfondets formidlingspris
UiS-forskaren hoppar elegant frå likestilling og kjønnsmangfald, velferd og omsorgsforsking til kunstig intelligens og s...
Eksoskjeletter kan redusere arbeidsbelastning for sykepleiere
Eksoskjelett kan være et godt hjelpemiddel for operasjonssykepleiere under lange operasjoner, mener studenter og forsker...
Ulike tilnærminger til fremtidens helsesektor
Forskningsprosjektet Caring Futures inviterte fem ulike aktører i regionen til en panelsamtale på Sølvberget om utfordri...
Samlet ulike interessegrupper innenfor omsorgsteknologi
HelseCampus Stavanger samlet forskere, klinikere, leverandører og pårørende til å dele perspektiver innenfor etikk i utv...
Diskuterte møtet mellom teknologi og mennesker
Både forfatteren Cathrine Knudsen og kunstneren Kari Telstad Sundet er opptatt av denne tematikken. Førsteamanuensis Ing...
Kronikker og omtaler
Prosjektleiar
Avdeling for omsorg og etikk
Leiar arbeidspakke 1 | Leiar arbeidspakke 2 | Leiar arbeidspakke 3 | Leiar arbeidspakke 4 |
Institutt for sosialfag
Avdeling for omsorg og etikk
Avdeling for omsorg og etikk
Institutt for sosialfag