Stavanger har eit bra kultur- og utelivstilbod. Tilbodet er rikt og variert, og du når ikkje over alt det første året. Men heldigvis kan du studera ved Universitetet i Stavanger i mange år framover.
Som student ved UiS lever du i hjartet av den kanskje mest pulserande byen i Noreg. Byen har eit restaurant- og uteliv som det går rykte om langt utanfor landegrensene. Festivalar, revyar, konsertar og ikkje minst studentane sine eigne arrangement gjer at du verkeleg skal stå på for å ha det kjedeleg.