Vidareutdanning for deg i barnehage

Ta vidareutdanning tilpassa kvardagen din!

Publisert Sist oppdatert
Alle vidareutdanningane er anten samlingsbaserte eller digitale. (Foto: Elisabeth Tønnessen/ Læringsmiljøsenteret, UiS)

Emne

Ønskjer du å lære meir om korleis du kan skape magiske øyeblikk i barnehagen?

Denne samlingsbaserte vidareutdanninga vil gje deg praksisnær, profesjonsretta og forskingsbasert kompetanse i fagområdet kunst, kultur og kreativitet, med særleg vekt på musikk og dans i barnehagens praksis. Varierte undervisningsmetodar skal gi deg brei erfaring med kreative og skapande prosessar for og med barn.

Les meir og søk.

Korleis skape ein barnehage kor alle kjenner seg ivaretatt? Korleis utøver du rolla som barnehagelærer eller -styrer i eit samfunn prega av migrasjon? Dette studiet vil gi deg kompetanse og forståing i å leie og støtte prosessar som skaper ei kjensle av å høyre saman, hos barn, foresatte og ansatte.

Les meir og søk.

Kva kjenneteikner kvalitet i barnehagen sitt språkmiljø? Og korleis sikra at alle barn blir inkludert i barnehagen sitt arbeid med språk?

Dette emnet passer for deg som vil ha ny, forskingsbasert kunnskap om barn si språklege utvikling.

Emnet fins både som samlingsbasert og som nettstudium.

Les meir om tilbodet.

For deg som er pedagog, men ikke er barnehage- eller førskolelærer.

Studiet består av to emner: Barnehagepedagogikk og Småbarnspedagogikk, hvert på 30 studiepoeng.

Emnene går annethvert år. Studiet gir kompetanse for tilsetting som pedagogisk leder i barnehage.

Les meir om emnet og søk.

Studiet er for deg som jobbar i barnehage og ønskjer å bli betre til å handtere mobbeproblematikk i praksis.

Studiet gir grunnleggjande kunnskap og forståing om mobbing slik at du blir betre rusta til å følgje opp kapittel 8 i barnehageloven. Dette ved å setje i verk forskingsbaserte metodar for å:  førebyggje, avdekkje og stoppe mobbing, i tillegg til å følgje opp i etterkant av ei mobbesak.

Les meir og søk på emnet.

Dette er ei vidareutdanning for leiarar i barnehage og skule som ønskjer auka kunnskap og ferdigheiter for å fremje trygge og gode læringsmiljø.

Emnet skal også styrkje kunnskapen til leiarane omkring førebygging, avdekking og handtere mobbing og anna krenkjande åtferd. Dette blir gjort ved å leggje vekt på rolla og oppgåvene deira som utdanningsleiarar, gjennom teoretisk fordjuping og arbeid med praktiske oppgåver.

Les meir og søk på emnet.

Er du barnehagelærar og vil ha ei meir heilskapleg tilnærming til spesialpedagogikk?

På dette studiet vil du få meir kunnskap om barns læring og utvikling, med særleg vekt på mestring av språk og deltaking i sosiale fellesskap.

Les meir om emnet og søk.

Bli kvalifisert til å arbeide som praksislærar i barnehagelærarutdanninga, veilede nyutdanna kolleger og lær å nytte veileiing som strategi i utviklingsprosessar på arbeidsplassen.

Les meir og søk på emnet.

Få relevant, forskingsbasert og praksisnær kompetanse knytta til digital teknologi.

Lær korleis du kan nytte digitale verktøy, digitale ressursar og digitale medier i det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

Les meir og søk på emnet.

Psykiske lidingar er både nasjonalt og globalt ein av dei største helseutfordringane våre.

Ved UiS tilbyr vi fire emne innan psykisk helsepedagogikk. Du vel sjølv kor mange du vil ta, og i kva rekkjefølgje.

Les meir og søk på emnene.

Få økonomisk støtte for å ta vidareutdanning

Fleire av UiS sine vidareutdanningsfag inngår i ordninga Kompetanse for framtidas barnehage.

Når eitt fag er med i ordninga Kompetanse for framtidas barnehage (KFB) kan ein søke økonomisk støtte gjennom Utdanningsdirektoratet. Det inneber at barnehagen du jobbar i kan søka om tilretteleggjingsmidler.

Ordninga søkast om gjennom Udir. Merk at søknadsfristen for KFB kan vere annleis enn fristen for å søka på sjølve faget du vil ta.

Les meir om Kompetanse for framtidas barnehage.

Ny forsking og teori er viktig, men det er like viktig at me klarer å ta den i bruk og omgjera den til noko nyttig for barna i barnehagane og skulane. Gjennom året jobbar alle med caser på eigen arbeidsplass. Problemstillingar som kjem opp diskuterer me saman, så alle kan læra av kvarandre.

Cecilie Evertsen , emneansvarleg i Barnehage- og skulemiljø og leiing.

Fleire videreutdanningar