Ein tro kopi av utvandrarskipet "Restauration" skal fungere som klasserom når lærarstudentar no utviklar eit formidlingsopplegg om utvandringa til USA. No har dei sjølve sett sjøbein for å få betre kjennskap til historia.
I 2025 er det 200 år siden sluppen ‘Restauration’ seilte over Atlanterhavet fra Stavanger til New York og markerte starten på storstilt og organisert utvandring til USA. Førebuingane til eit jubileum er godt i gang og lærarstudenter er sentrale i arbeidet.
Det var venneforeninga til Restauration som kom med utfordringa å utarbeide et pedagogisk formidlingsopplegg om norsk utvandring til USA.
Denne veka var studentane om bord på sluppen for å bli betre kjend med fartøyet og ut frå møter med venneforeninga, inntrykk og opplevingar er studentane no godt i gang med å utarbeide og teste sitt eiga formidlingsopplegg over temaet. Sluppen ligg til kai på Utstein, så det er ikkje sikkert at behovet for å setje sjøbein for å halde balansen melde seg for studentane. At opplevinga ga inntrykk, er derimot heilt sikkert.
‒ Eg kjende veldig lite til denne delen av historia frå før, så det var eigentleg ganske nytt for meg, fortel Rebecca Celine Øynes, student ved grunnskulelærarutdanninga. Ho lurer på om det kan handle om at ho sjølv kjem frå Austlandet, dette med at ho ikkje hadde mykje forkunnskapar om utvandringshistoria med "Restauration".
Studenten fortel at dei jobba i grupper, fekk stille spørsmål og sjå korleis utvandrarane hadde det på si ferd over havet.
‒ Det gjorde inntrykk å kjenne på kroppen kor trongt dei må ha hatt det på reisa, fortel Øynes.
Medan studentane kun var tjue i talet, var det 52 utvandrarar som drog ut av Vågen med "Restauration" sommaren 1825, Tolv veker seinare la "Restauration" til kai i New York. Då var fylgjet blitt 53. Ein vart fødd under overfarten. Øynes konkluderer med at det må ha kjendes trongt.
‒ Migrasjon er eit aktuelt tema
Tematikken kring migrasjon byr på refleksjon og bevisstgjøring. Kven drog ut? Kven blei igjen i Noreg? Kva følgjer hadde det for landet som blei tømd for barn og unge, kunnskapsrike og innovative nordmenn? Eller var det ikkje slik det var? Kva var konsekvensane for staden dei kom til? Hvem ble igjen i Norge?
‒ Dette er viktig for å forstå dagens USA, eit land som består av titalls millionar utvandra europearar som flykta frå religiøs forfølging og økonomisk fattigdom. Det åpner for forståing av eiga samtid og dagens flyktningpolitikk, seier Ellen Kongsnes, universitetslektor i historie ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Ho underviser i historie for grunnskulelærarstudentar ved UiS.
Prosjektleiar Linn Normand held fram:
‒ Dette er pedagogisk lærerikt for lærarstudentene, meiner Normand, førsteamanuensis i historie ved Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk.
Normand fortel at studentane har fått god innsikt i den historiske utreisa frå Stavanger til USA, som inneber både lokalhistorie og utvandringhistorie.
‒ Gjennom arbeidet får studentane verkeleg gått inn i viktige omgrep relevant for læreplanutvikling og eiga framtid innanfor undervising. Ikkje minst er dette eit prosjekt som innbyr til stort engasjement med rom for eksperimentering og learning by doing, seier Normand.
‒ Eg tykkjer at det har vore givande å få vere med eit slikt større prosjekt, og at dette skal nyttast i formidling for sjuendeklassinger. Eg trur elevane vil synes det er gøy å komme om bord og oppleve eit praktisk undervisningsopplegg som dette, seier Øynes.
Venneforeninga skal nytte ideane frå lærarstudentane når dei tek imot 7. klassingar frå stavangerskulane 4.-7. juni. Då vil Restauration ha segla frå ankerplassen sin på Utstein og inn i Vågen for å ta i mot elevane der.
Tekst: Kristin Vestrheim Cranner.
Foto: Ellen Kongsnes, Linn Normand.
Omtalt i denne artikkelen
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Institutt for medie- og samfunnsfag
Aktuelt frå Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Kurs i det du alltid har lurt på i matematikk (men ikke tort å spørre om)
Førsteårsstudenter ved grunnskolelærerutdanningen 1 -7 får tilbud om å booste kunnskap og forståelse i matematikk før ob...
‒ Videreutdanningen i kunst og håndverk har gitt meg et fornyet syn på det å undervise!
Inger Louise Grude og Morten Eriksen har god fartstid som lærere. Nå får de formell kompetanse i et fag de begge er spes...
Knytter teori og praksis tettere sammen gjennom universitetsskolesamarbeidet
Førsteårsstudentene ved lærerutdanningen får undervisning om tematikken 'vurdering' på Lunde ungdomsskole. Lærere fra sk...
Ferske grunnskolelærerstudenter ved UiS får unik praksisopplevelse på campus
Gjennom opplegget "Første møter første" får grunnskolelærerstudenter ved UiS i oppgave å planlegge og gjennomføre læring...
Sola-seminaret: For nyutdannede lærere og barnehagelærere
Bli med på Sola-seminaret! Dette er en møteplass for alle som jobber innen skole, men nyutdannede barnehagelærere og lær...
- Lærerstudenter er som oftest veldig sosiale mennesker
Anav Patial Sivertsen ble overrasket over hvor bra og intimt studentmiljøet er i Stavanger da han flyttet hit, og liker ...
Matematikk 2 (5.–10. trinn)
Ønsker du å utvikle din undervisningskunnskap i matematikk? Dette studiet retter seg i hovedsak mot lærere på ungdomstri...
Skal utforske og lære å ta i bruk digital teknologi i læringssituasjoner
Flere studier påpeker at det er et stort gap mellom hva lærerstudenter tilegner seg av digital kompetanse og hva slags b...
Aktive elever lærer bedre
Skoleungdom som får røre seg mer, lærer bedre. Mer fysisk aktivitet betyr bedre læringsmiljø; det slår til og med ut på ...
Ble sendt til Malawi for å ta praksis
Lærerstudenter ved UiS fikk forrige semester oppleve en litt annerledes praksisperiode enn de er vant med. De fikk være ...
Utviklar forsking og gode praksisar i kritisk tenking
Friske EU-midlar forlengar internasjonalt UiS-prosjekt med tre år.
UiS bidrar til betre matematikkundervisning i Malawi
Tilfeldigheiter gjorde at Arne Jakobsen søkte NORAD om støtte til eit matematikkprosjekt i Malawi. Fem år seinare ser ha...
Lærerstudenter får fri tilgang til framtidens klasserom
Lærerstudentene ved Universitetet i Stavanger får nå et fortrinn mange vil misunne dem for. De får fri tilgang til Didak...
Ti gode grunner til å bli grunnskolelærer
«Er det veldig komplisert matte hvis du skal bli lærer?». «Hva er lønnen?». Det var noe av det elevene ved St. Svithun v...
Skal bli betre lærarar gjennom deling
Amerikanaren Kem Saichaie var nyleg i Stavanger, som gjest hjå programområdet DEMCI (Demokrati og medborgerskap: tverrfa...
Mat på timeplanen
Grunnskolelærarstudentane som har valfaget Mat og helse vitja den økologiske garden på Ullandhaug tidlegare i haust.