Har elevane utbytte av lærarane si vidareutvikling i klasseleiing?

Det er eit godt spørsmål. I tillegg til å kunne svare «ja», vil vi gjerne også seie noko om kva faktorar som er avgjerande for at det skal vere mogleg. Det er derimot mange faktorar som avgjer om lærarar si kompetanseutvikling gir resultat hos elevane.

Publisert Sist oppdatert

Figur av  integrerte læringsprosessar for lærar og elevar
Bilete av figur for kunnskap til praksis med eit rammeverk for integrerte læringsprosessar for lærar og elevar.

Eit mål i satsinga Ungdomstrinn i utvikling er at lærarar ved skular som har klasseleiing som fordjuping skal vidareutvikle klasseleiingspraksisen sin. I neste omgang skal dette gi undervisning som gir betre elevutbytte både fageleg og sosialt.

I CIESL-prosjektet kan vi belyse denne samanhengen mellom lærarane si utvikling og elevane si utvikling gjennom resultat frå spørjeskjemaundersøkinga. Like viktig er det at undersøkinga vil gi kunnskap om kva faktorar som er avgjerande for om ein lykkast i vidareutvikling av klasseleiing og om det kjem elevane til gode. Til dømes vil vi granske om det er faktorar i skulen som organisasjon som gjer vidareutviklinga av klasseleiingspraksis for den enkelte lærarar enklare.

Eller motsett, som gjer denne utviklinga vanskelegare. Denne kunnskapen kan bidra til å forklare om, og i kva grad, elevane vil ha utbytte av intervensjonen.

Granskar effektiv videreutvikling av praksis

Ungdomstrinn i utvikling er ein av mange intervensjonar i skulen som har som mål å vidareutvikle lærarane sin praksis. Eit sentralt mål med CIESL-prosjektet er å granske korleis vi mest effektivt kan vidareutvikle praksis i skulen, i dette tilfelle knytt til vidareutvikling av klasseleiingsprakis. Målet er at kunnskapen mellom anna frå spørjeskjemaundersøkinga skal bidra til at intervensjonar i skulen i framtida kan vere så effektive som mogleg.

I CIESL-prosjektet undersøkjer vi lærarane sin utvikling på ulike måtar gjennom intervju, loggar og observasjonar av eit utval lærarar, slik vi mellom anna har skildra i tidlegare artiklar. Resultata frå analyser av desse data kan gi oss eit relativt inngåande bilete av korleis desse lærarane vidareutviklar klasseleiingspraksien sin, og kva som kan fremme eller hemme denne utviklinga. 

For å sjå nærare på om elevane har utbytte av lærarane si vidareutvikling av klasseleiing har vi behov informasjon frå eit større utval lærarar og elevar. Gjennom spørjeskjemaundersøkinga som omfattar alle lærarar og elevar ved skulane i prosjektet kan vi granske relasjonen mellom lærar si vidareutvikling og elevane si utvikling.

Samanhengen mellom lærarar si utvikling og elevar si utvikling

Den nederlandske forskaren Jan Vermunt (2011; 2014) har illustrert samanhengen mellom lærarar si utvikling og elevar si utvikling slik det er vist i figuren over. Kort sagt, og veldig forenkla, kan vi seie at lærarar si utvikling gjennom ein intervensjon forutset ein læringsprosess for å gi auka i kompetanse.

Læringsprosessen må vere retta mot sentrale områder innan fagområdet intervensjonen er retta mot, i dette tilfelle klasseleiing. Auka kompetanse hos lærarar kan gi endring i klasserommet, som i neste omgang kan gi nye læringsprosessar hos elevane som kan forbetre elevane sitt læringsutbytte.

Samanhengen mellom lærar si utvikling og elevane si utvikling vert nærare drøfta i eit kapitel (Ertesvåg, i prosess) i ei bok som vil belyse ulike sider ved utfordringar med å implementere endring og vidareutvikling i skulen. Boka vil mellom anna presentere noko av grunnlaget for CIESL-prosjektet.

Å granske samanhengen mellom lærarar si utvikling og elevar si utvikling kan synas relativt enkelt. Enten er det samanheng eller så finn vi ingen slik samanheng. I prosjektet vil vi gå eit steg vidare, vi ynskjer å belyse kva som kan forklare at vi får endring, eller at ein ikkje oppnår den endringa ein hadde intensjon om. Kan vi til dømes seie noko om kva faktorar som er med å støtte lærarar si utvikling vil det vere viktig kunnskap for å forbetre kompetanseutvikling for lærarar i framtida.

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg

Referansar

Ertesvåg, S.K. (i prosess). Praksis basert på forsking – ein utopi? I Westergård, E. og Roland, P.(red) Implementering. Oslo: Universitetsforlaget.

Vermunt, J. D. (2011). Pattern in Student Learning and Teacher Learning. Similarities and Differences. I R. S. & E. Cool (red.), Style Differences in Cognition, Learning and Management (s. 173–187). New York: Routledge.

Vermunt, J.D. (2014). Teacher learning and professional development. I Krolak-Schwerdt, S., GLock, S. og Böhmer, M. (red.) Teachers’ Professional Development-Assessment, Training, and Learning. Rotterdam: Sense Publishers. 79–95.

Les meir om klasseleiing

Elever med konsentrasjonsvansker opplever mindre læringsstøtte

Ny forskning viser at elever som rapporterte om manglende konsentrasjon også opplevde liten grad av læringsstøtte fra læ...

– Viktig å etablere et godt læringsmiljø fra start

Ved Frogn vgs har de ansatte ved skolen arbeidet strukturert og systematisk for å få til en god skolestart. – Det fører ...

Elever blir mer engasjerte av lærere som bryr seg

Gløden for skolen synker med alderen om ikke læreren gir følelsesmessig støtte til den enkelte elev, viser en ny studie ...

Lærere som støtter elevene faglig trives bedre på jobben

En av tre lærere sier de utvikler seg innen faglig støtte til elevene. Lærerne som opplevde fremgang er mer fornøyde med...

Norske lærarar er gode på utvikling av positive læringsmiljø

Lærarar i Noreg er generelt dyktige til å utvikle positive læringsmiljø og organisere undervisninga i klasserommet. Men ...

Observerer vi det vi er ute etter å observere på en pålitelig måte?

Denne studien undersøker om observasjonsinstrumentet CLASS-S kan brukes i forbindelse med observasjoner i norske ungdoms...

Lærere på ungdomsskolen lærer mye av hverandre

Samarbeid mellom lærere er vel så viktig som egen innsats for at ungdomsskolelærere skal bli enda bedre pedagoger.

God klasseledelse henger sammen med jobbtilfredshet

En studie basert på data fra CIESL-prosjektet viser at lærere som er skårer høyt på emosjonell støtte, klasseromsorganis...

Elevenes engasjement i skolen

Elevengasjement handler blant annet om elevenes interesse, entusiasme, deltakelse og involvering i skolen og i skolearbe...

Elever opplevde bedre læringsstøtte fra lærerne

En ny studie tyder på en liten gruppe elever (ca. 10 prosent) opplevde forbedring i lærernes læringsstøtte i perioden sk...

Partnerskap mellom lærerutdanningsinstitusjoner og skoler bør oppmuntres

Samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og skoler kan bidra til å bringe akademia og praksisfeltet nærmere hverandre, med...

Disputas: Slik snakkar elevane om læraren

Det er viktig for elevane å kunne le saman med læraren og at lærarane snakkar med dei som jamstilte. Ein ny studie gir e...